I forbindelse med eit møte som skal haldast neste veke for politikarane i kommunen, skal det lagast ein liten film som kan presenterast til dei, og som kan spres på sosiale media. Tanken er at filmen skal vise alt det gode me har i nærmiljøet vårt, og få fram kva som står på spel viss Ferkingstad skule blir nedlagd.
Ei kort tidsfrist for produksjon av filmen gjer at me treng di hjelp for å få nok materiale! Viss du har nokre blinkskudd, fine bilete eller korte filmklipp, frå Stava i nord til Sandve i sør, som viser det gode nærmiljøet vårt er det flott om du kan laste dei opp her, eller evt. senda dei på e-post eller levera dei inn i løpet av helga (frist: søndag kveld).
Ha fokus på at materialet skal vise samhaldet i bygdene. Engasjement, arrangement, aktiviteter, lag og foreningar, næring og utbygging (tomter). Unge og gamle, alle er med for å skapa det gode miljøet vårt, og me jobbar i lag. Kjekt om det er litt fokus på barn i materialet, då det er dei denne saken grip aller mest inn i kvardagen til. Dette hastar, då det ikkje er lenge til politikarane skal ta val som påvirker framtida til alle som høyrer til skulekretsen, både unge og gamle! Så finn fram det du har, og kom med det. Me står saman for Ferkingstad skule!
Du kan laste opp bilete og filmklipp her.
Du kan laste opp bilete og filmklipp til høgre.
Fysisk levering (minnepinne): Siri Langåker, Langåkergarden 17 eller
John Angus MacKinnon, Langåkergarden 24 (begge heime lørdag +
søndag)
E-post:
langakerforum@outlook.com